22. mars 2007

Arbeidarpartiet på viddane

Dag Terje AndersenNæringsminister Dag Terje Andersen er no verkeleg ute og køyrer. På TV2-nyheitene i dag fekk vi nyheita om at den norske reiarnæringa skal få 15 milliardar meir i skattelette. Han bør skaffe seg eit lynkurs i samfunnsøkonomi før han fortsett i stillinga si.

For det første: Kvifor i alle dagar skal ei næring som allereie har ei bråte med skattefordelar og andre særordningar ha enno fleire puter sydd under armane?

For det andre: Ei av grunnane til denne ordninga er at det er viktig at norsk skipsfart held seg i Noreg. Kvifor det? Er den på nokon måte meir verdifull enn andre industri- og transportnæringar?

For det tredje: Masse folk kan miste jobbane sine seier reiarnæringa, om ikkje dei får det same skattenivået som i EU. Ein del folk kan nok miste jobbane sine, sjølv om det ikkje er prat om dramatisk mange. Same kva, så er jo dette med jobbane tilfelle for ein rekke næringar! Kvifor får ikkje dei også milliardstøtte? Vidare er arbeidsledigheta i Noreg rekordlåg. Ein av årsakene til at Noreg går bra, er landets evne til å bruke arbeidsressursar der det trengs og der samfunnet får mest igjen for det. Om reiarnæringa treng enno 15 milliardar i subsidier for å overleve er det kanskje berre greitt at dei flaggar ut? Det finnes i alle fall ikkje nokon sosialpolitisk, distriktspolitisk eller næringspolitisk grunn til å fortsette å kaste pengar etter denne bransjen.

Høyresida, som vanligvis er veldig opptatt av at marknad og konkurranse, ser ut til å holde kjeft i denne saka. Dei same folka som utan å nøle vil fjerne all støtte til norsk landbruk, synes sjølvsagt at det er greitt med subsidiar, så lenge det er dei rikaste som får det. Så mykje for prinsippa.

For den raud-grøne regjeringa held det ikkje på nokon som helst måte mål å sprøyte inn til allereie velståande reiarar. Det må ikkje vere noko tvil om kvar SV står i denne saka. Stopp galskapen!

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>