Då Valla-Yssen-saken raste som verst tidligare i år, var det ikkje lett å vite kva ein skulle tru. Hadde Gerd-Liv Valla mobba og trakkassert Ingunn Yssen, eller var heile saken eit ledd i eit politisk maktspel? Vi var nok mange som ante at det låg meir bak enn det vi fekk sjå på tv eller på framsida av VG. Då det såkalla Fougner-utvalet vart satt ned, stort sett beståande av juristar, var det likevel liten tvil om korleis saka kom til å gå. Men at utvalet skulle vise seg å vere eit så stort skandaleutval, er rett og slett utrulig.
I går kunne fleire aviser melde at Yssen var beint fram udugelig i stillinga som internasjonal leiar i LO. Dette kom fram i eit hemmeleg notat som Valla sin advokat Håkon Bleken har skrevet. Fougner-utvalet har systematisk valt å legge vekt på dei vitna som var negative til Valla, og har heldt tilbake vitneutsegn som har snakka i mot teorien dei hadde om Valla som mobbar.
Dette er ein skandale. Av 30 vitnar som blei avhørt var det berre 2 (to!) vitnar som støtta opp under Fougner-utvalet sin forklaringsmodell. At Fougner-utvalet har fungert som eit upartisk “granskingsutval” står fram som tull. Dermed har mistankane om ureint spel i kullissane fått meir kjøtt på beina. Berre at denne gongen er det Yssen som står fram som den store stygge ulven.
At Yssen no prøver å slå tilbake med å seie at ho føler seg trakassert av disse siste avsløringane, blir berre patetiske. Ho valde sjølv å kjøre eit høgt spel, og da får ho ta med seg alle sidene av det.
Det eg lurer på no er kva som blir konsekvensane av det som no har kommen fram i lyset. At Yssen har fått ei ripe i CV’en sin, er det liten tvil om. Men om Valla har blitt felt på feil grunnlag, har vi med å gjere ei skandale som bør få større konsekvensar enn som så.

Siste kommentarer